Arkiv

Poster tagget med ‘styret’

Oppsummering Årsmøte 2012

24 februar 2012 Ingen kommentarer

Då er årsmøte for 2012 fullført, og her følgjer ein liten oppsummering:

Kontigenten for 2012 vil vere uforandra frå 2011.
Årsmedlemskap: 500 kr.
Dagsmedlemskap: 100 kr.
Vil minne alle om at medlemskapa er persnonlege og gjeld for kun ein person.

Styret og ulike verv for 2012:
I styret for 2012 sit følgjande personer:
Leiar: Richard Skår
Nestleiar: Magne Aralden
Kasserar: Ove Myklebust
Styremedlem: Rolf-Magne Aas
Styremedlem: Daniel Wulfsberg
Det er dette styret valkomiteen la fram som forslag og stemte for på årsmøte.
Nytt frå 2011 er at Rune Berge er gått ut av styret, mens Daniel Wulfsberg er komt inn.
Vil takke Rune for innsatsen og ynskje Daniel velkommen.

Valkomiteen for 2012 vil bestå av:
Leiar: Malin Eimind
Medlem: Jan-Erik Skår
Varamedlem: Rune Berge

Revisorar for 2012 vil vere:
Leif Einen og Elias Haugsbø

Det er oppretta eit nytt verv som er Kompressoransvarleg. Dette er Magne Aralden. Skulle det vere noko med kompressoren eller spørsmål rundt denne, er det berre å ta kontakt med Magne.

Årsmøte gjekk inn for at Korssund Dykkeklubb melder seg inn i NDF og NIF. Søknad for medlemskap vil skje i løpet av kort tid.

Elis med støtte til Korssund Dykkeklubb

 

 

Elis har valgt å støtte Korssund Dykkeklubb med 3000,- kr etter at styret sendte inn ein søknad for tildeling av midlar.
Desse midlane kjem godt med ettersom styret jobbar med å skaffe klubben ein kompressor og nødvendig sikkerheitsutstyr.

Korssund Dykkeklubb rettar ein stor takk til Elis for sårt tiltrengte midlar.

Sitat frå Elis: Vi prioriterer støtte til lag og organisasjoner som driver med breddeidrett, men ser potensialet i dykkeklubbens aktivitet for å øke mangfoldet i fritidstilbudet i Fjaler.

Oppstartsmøte og første klubbdykk

Fredag 11. juni 2010 er ein historisk dag for Korssund Dykkeklubb. Klubben hadde oppstartsmøte i Korssundet, og fekk på plass eit styre, samt forslag til kandidatar for valkomiteen og revisorar. Styret finn du her. Søknad til NIF blir sendt inn i nærmaste framtid, for det er nokre ting som må på plass før søknaden kan sendast.
Medlemsavgifta for 2010 vart bestemt. Den blir 300,- for medlem og 100,- for støttemedlem. Informasjon om innmelding finn du her.
Når kompressoren kjem på plass vil alle som er medlem få tilgang på gratis luft, og opplæring på kompressoren slik at ein ikkje vil vere avhengig av andre når ein skal fylle. Støttemedlemar vil måtte betale for kvar fylling.

Etter oppstartsmøte vart det holdt eit styremøte. Forslag til sikkerheitsreglar vart lagt fram og godkjent. Desse skal finskrivast for deretter å bli brukt på alle organiserte klubbdykk. Sikkerheitsreglane blir publisert på heimesida når dei er ferdige. Alle medlemmar må sette seg inn i sikkerheitsreglane før dei kan vere med på klubbdykk.

På lørdagen vart klubbens første klubbdykk arrangert. Ove stilte sportsleg opp med båten sin, ein 28 Kloster Patrol. Roald Skår stilte opp som styrmann og ovarflateberedskap, og på forhånd hadde klubben fånt lånt ein O2 koffert av SUB-BSI, slik at sikkerheiten skulle vere på plass om noko skulle skje.
Me hadde planlagt å dykke på Havda, men pga av kuling frå nord lot ikkje det seg gjennomførast. Vi bestemte oss då for å prøve Ferndale eller Solvang II som ligg Krakhellesundet. Mykje vind og drag i sjøen gjorde forholda det vanskelig for å få gjennomført eit dykk på dei vraka. Vi bestemte oss då for å prøve Bandak som ligg på sørsida av Nesøyna. Til og med der var det vanskelige forhold for dykking, sjølv om ein skulle tru at ein var skjerma for nordavind. Vi reiste då inn til Hardbakke for bunkre og tok turen til Frankenwald (kåra til Noregs flottaste vrak) for å prøve der. Nok ein gong måtte vi gje tapt på å få oss eit vrakdykk. Sikkerheitsleiar, Richard Skår, meinte at det ikkje ville vere forsvarleg å dykke når det var så mykje vind og drag i sjøen. Både båt og dykkara ville drive langt avgårde om noko skulle gå gale. Sikkertheit først.
På vei tilbake til Korssund såg vi ei fin vik som var skjerma for vind som vi valgte å ankre opp i. Ove, Magne og Richard fekk seg eit flott dykk med nokre kamskjell i nettet i tillegg til ei flyndre, som på ein eller anna måte klarte å unnsleppe på båtturen tilbake. Sikta var dårlig ned til 15m, men derfrå og ned var sikta god. Som vanlig når ein dykkar i desse traktane, såg vi ei piggskate.

Takk til Ove, Roald og SUB-BSI for god hjelp til gjennomføring av klubbens første klubbdykk.

Domene kjøpt

30 april 2010 1 kommentar

Etter ei intens jobbing på heimesida i 2 dager er no domenet korssunddykk.no kjøpt til klubben. Me er då eitt steg vidare for å få oppretta ein dykkerklubb i Korssund. No mangler det berre å få på plass pressa, finne minimum 12 medlemmer og få satt på plass eit styret. Håper alle som kan tenke seg å vere med i klubben, enten som aktiv dykker, har lyst å begynne å dykke eller vil vere støttemedlem, gjer beskjed så klubben kan bli oppretta.

Stor takk til Arve Solli som har bidratt med domene kjøp.