Arkiv

Poster tagget med ‘Piggskate’

Vellykka klubbdykk på Ferndale/Parat og Havda

Foto tatt av: Dag Skjelvik

Foto tatt av: Gunnar Hovland

Søndag 10.Juli vart det første skikkelige klubbdykket gjennomført. Rolf-Bjørn Aralden var leigd inn med båt og som skippar. Sjarken Aralden Jr. viste seg å vere ein dugande dykkebåt med plass til 10 dykkara. Det var netopp 10 stykk som møtte opp for å vere med. Nesten halvparten hadde ikkje dykka på dei tenkte plassane og var særs spente.

Første dykk gjekk til Krakhellesundet og på vraka Ferndale og Parat. Den korte historia er at dette er 2 vrak som gjekk ned under 2. verdenskrig. Ferndale gjekk på grunn på seglsteinen på vei nordover i ein konvoi. Parat kom til for å hjelpe med berginga. Mens berginga pågjekk kom allierte fly å angrep begge skipa som til slutt sank. No er dette vorte populære dykkemål og vraka ligg med ei djupne frå ca. 15 meter til ca. 60 meter. Ein får og eit flott naturdykk rundt seglsteinen med yrande liv og formasjonar. Dykket vart gjennomført utan problem sjølv om det var ein del straum i overflata. Sitat frå ein av klubbens nye medlem: «Dette er det beste dykket eg har hatt». Og det sjølv om sikten ikkje var til å skryte av.

Foto tatt av: Gunnar Hovland

Etterpå vart det påfyll av luft i klubblokalet, før turen gjekk vidare til vraket av Havda rett vest for Lutelandet. Dette var eit frakteskip som vart angrepe og sunke av allierte fly. 6 personer omkom og det er i ettertid funne levninger av desse. Minner om å vise respekt når ein dykker på slike vrak og ikkje tar med seg noko opp igjen frå vraka. Rundt Havda kunne ein sjå fleire piggskater som poserte for dei som hadde kamera.
Etter at dykka var gjennomført var alle godt fornøygd med dagen. Det er ikkje tvil om at dette var ein vellykka dag og at klubben må arrangere fleire slike turar. 3 av dei som var med å dykka kom heilt frå Bergen for å vere med på klubbdykka. 2 av desse meldte seg inn som medlem. Korssund Dykkeklubb takkar for ein flott tur og håpar at alle vil komme igjen ved neste klubbdykk, og at medlemmane nyttar seg av tilbodet klubben har.

Foto tatt av: Gunnar Hovland