Arkiv

Poster tagget med ‘Korssund Dykkeklubb’

Klubbdykket i Svesundet 4. mars 2012

Idag vart det gjennomført klubbdykk i Svesundet i Bygstad. Avreise frå essoen i Dale 10.30, og dei som var med var: Vegard Arstein, Egil Høyvik, Ove Myklebust og Richard Skår. Dette var første klubbdykk av det som skal bli faste organiserte dykk framover annakvar sundag. Viss det er bra oppmøte kan det vere at vi utvidar organiserte klubbdykk til kvar veke. Det må vi sjå på av interesse og at det er bra oppmøte på dei dykka som blir arrangert. Det er også mulig å arrangere dykk utenom dei tidene som vi har satt opp. Følg med på heimesida, facebook og epostlista.

Når vi kom på dykkeplassen, forhøyrte vi oss med eigaren av ei flytebrygge om vi kunne nytte den til å hoppe uti frå. Det var selfølgelig ingen problem etter ei «lang forhandling» 🙂

Fjorden var noke islagt så det var ein kald fornøyelse i starten av dykket og øverste temperatursjiktet, men når vi kom oss ned nokre meter var det fin temperatur med heile 8 grader frå ca 10-20 meter og 5-6 grader i overflata.

Bortsett frå at det var lite straum var det ein fin plass å dykke. Mykje med nesledyr: blautkoraller, sjøroser, sjønellik, anemoner etc. som gjer mange flotte fargar på eit dykk. Såg og noko torsk, der den eine kunne metta eit større middagslag, og større stimar med pale. Idag hadde vi ikkje med oss fangstredskap under dykket, så det vart ikkje fanga middag denne gongen.

Igjennom sundet går det ein vegg på kvar side. Vi fylgte den nordlegaste. På ca. 15 meter  er det ei «hylle» ein kan fylgje, ellers er den djupasta delen i sundet på ca. 40 meter. Det er gode moglegheiter for ihop og komme seg på land uansett om ein vel å symje gjennom sundet austover eller vestover. Vi valgte å symje vestover og komme opp ved kaia med butikken. Trur alle er godt fornøygde med dykket og for fleire var dette årets første dykk og garantert ikkje det siste 🙂

Bortsett frå at det var lite straum under overflata, var det eit dykkepar som fekk litt straumdykk i overflata etter endt dykk.

Sjå bilder frå dagens klubbdykk her.

 

 

Innkalling til årsmøte i Korssund Dykkeklubb laurdag 18. februar 2012

12 januar 2012 Ingen kommentarer

INNKALLING TIL ÅRSMØTE TIL KORSSUND DYKKEKLUBB
Tid: Laurdag 18. februar 2012, kl 11:00
Plass: Klubblokalet i Korssundet

Foreløpig saksliste

ÅM 01-2012 Godkjenning av dei stemmeberettige
ÅM 02-2012 Godkjenning av innkalling, sakliste og forretningsorden
ÅM 03-2012 Val av dirigent(er), sekretær(er) samt 2 representantar til å underskrive protokollen
ÅM 04-2012 Behandling av årsmelding
ÅM 05-2012 Behandling av revidert rekneskap
ÅM 06-2012 Behandling av innkomne forslag og saker
ÅM 07-2012 Fastsetting av medlemskontigent
ÅM 08-2012 Godkjenning av budsjett
ÅM 09-2012 Behandling av organisasjonsplan
ÅM 10-2012 Val av styrerepresentantar
ÅM 11-2012 Val av revisor(ar)
ÅM 12-2012 Val av representantar til ting og møter i dei organisasjonar Korssund Dykkeklubb er tilslutta
ÅM 13-2012 Val av valkomité
ÅM 14-2012 Heving av årsmøtet

For å ha stemmerett må man vere fylt 15 år, og hatt gyldig medlemskap i minst 1 månad og ha oppfylt medlemsforpliktelsane, jfr. Noregs Idrettsforbunds (NIFs) lov § 2-5. Ingen kan møte eller avgje stemme ved fullmakt, jfr. NIFs lov § 2-9.

Medlemmar har også anledning til å melde inn saker til årsmøtet.

Sakene må vere innmeldt til styret (styret@korssunddykk.no) innan 04. februar 2012, og fullstendig saksliste publiserast innan 11. februar 2012.

Rekneskap for 2011 og budsjett for 2012 vil bli sendt ut på e-postlista (felles@korssunddykk.no) seinast ei veke før årsmøte (11. februar 2012.)

Endeleg saksliste vil saman med årsmelding for 2011 også verte sendt ut på e-postlista (felles@korssunddykk.no) seinast ei veke før årsmøtet (11. februar 2012.)

Det blir arrangert klubbdykk etter årsmøte. Meir info kjem seinare.

Vellykka klubbdykk på Ferndale/Parat og Havda

Foto tatt av: Dag Skjelvik

Foto tatt av: Gunnar Hovland

Søndag 10.Juli vart det første skikkelige klubbdykket gjennomført. Rolf-Bjørn Aralden var leigd inn med båt og som skippar. Sjarken Aralden Jr. viste seg å vere ein dugande dykkebåt med plass til 10 dykkara. Det var netopp 10 stykk som møtte opp for å vere med. Nesten halvparten hadde ikkje dykka på dei tenkte plassane og var særs spente.

Første dykk gjekk til Krakhellesundet og på vraka Ferndale og Parat. Den korte historia er at dette er 2 vrak som gjekk ned under 2. verdenskrig. Ferndale gjekk på grunn på seglsteinen på vei nordover i ein konvoi. Parat kom til for å hjelpe med berginga. Mens berginga pågjekk kom allierte fly å angrep begge skipa som til slutt sank. No er dette vorte populære dykkemål og vraka ligg med ei djupne frå ca. 15 meter til ca. 60 meter. Ein får og eit flott naturdykk rundt seglsteinen med yrande liv og formasjonar. Dykket vart gjennomført utan problem sjølv om det var ein del straum i overflata. Sitat frå ein av klubbens nye medlem: «Dette er det beste dykket eg har hatt». Og det sjølv om sikten ikkje var til å skryte av.

Foto tatt av: Gunnar Hovland

Etterpå vart det påfyll av luft i klubblokalet, før turen gjekk vidare til vraket av Havda rett vest for Lutelandet. Dette var eit frakteskip som vart angrepe og sunke av allierte fly. 6 personer omkom og det er i ettertid funne levninger av desse. Minner om å vise respekt når ein dykker på slike vrak og ikkje tar med seg noko opp igjen frå vraka. Rundt Havda kunne ein sjå fleire piggskater som poserte for dei som hadde kamera.
Etter at dykka var gjennomført var alle godt fornøygd med dagen. Det er ikkje tvil om at dette var ein vellykka dag og at klubben må arrangere fleire slike turar. 3 av dei som var med å dykka kom heilt frå Bergen for å vere med på klubbdykka. 2 av desse meldte seg inn som medlem. Korssund Dykkeklubb takkar for ein flott tur og håpar at alle vil komme igjen ved neste klubbdykk, og at medlemmane nyttar seg av tilbodet klubben har.

Foto tatt av: Gunnar Hovland

Klubben har motteke stønad frå Sparebankstiftinga Fjaler

Korssund Dykkeklubb har motteke 25.000 kr frå Sparebankstiftinga Fjaler til kjøp av dykkarutstyr. Desse pengane kjem godt med til kjøp av kompressoren som klubben snart får på plass.
Ein kan lese om tildelingane i Firda