Arkiv

Poster tagget med ‘Kontigent’

Medlemskap 2013

Det er tid for at alle som vil vere medlem i Korssund Dykkeklubb og benytte seg av godene ved å vere medlem betaler inn kontigent for året. Satsane er uforandra frå fjoråret:

  • Årsmedlemskap 500,-
  • Dagsmedlemskap 100,-

Her er link til betalingsinformasjon: http://korssunddykk.no/bli-medlem/

Medlemskapet er personleg så det vil ikkje vere mulig f.eks å fylle luft til både deg sjølv og ein kompis med berre eit medlemskap.
Alle som vil benytte seg av klubbens tilbud som til dømes luftfylling må ha medlemskap i klubben.

I løpet av Juni vil det komme ny kode på døra på bua. For å få ny kode må ein betalt medlemskap.

Oppsummering Årsmøte 2012

24 februar 2012 Ingen kommentarer

Då er årsmøte for 2012 fullført, og her følgjer ein liten oppsummering:

Kontigenten for 2012 vil vere uforandra frå 2011.
Årsmedlemskap: 500 kr.
Dagsmedlemskap: 100 kr.
Vil minne alle om at medlemskapa er persnonlege og gjeld for kun ein person.

Styret og ulike verv for 2012:
I styret for 2012 sit følgjande personer:
Leiar: Richard Skår
Nestleiar: Magne Aralden
Kasserar: Ove Myklebust
Styremedlem: Rolf-Magne Aas
Styremedlem: Daniel Wulfsberg
Det er dette styret valkomiteen la fram som forslag og stemte for på årsmøte.
Nytt frå 2011 er at Rune Berge er gått ut av styret, mens Daniel Wulfsberg er komt inn.
Vil takke Rune for innsatsen og ynskje Daniel velkommen.

Valkomiteen for 2012 vil bestå av:
Leiar: Malin Eimind
Medlem: Jan-Erik Skår
Varamedlem: Rune Berge

Revisorar for 2012 vil vere:
Leif Einen og Elias Haugsbø

Det er oppretta eit nytt verv som er Kompressoransvarleg. Dette er Magne Aralden. Skulle det vere noko med kompressoren eller spørsmål rundt denne, er det berre å ta kontakt med Magne.

Årsmøte gjekk inn for at Korssund Dykkeklubb melder seg inn i NDF og NIF. Søknad for medlemskap vil skje i løpet av kort tid.