Arkiv

Poster tagget med ‘Kompressor’

Fylling av flasker

31 august 2013 Ingen kommentarer

Fylling av flasker etter at Nortronik har vore å hatt service på kompressoren og trykktesting av flasker. Vil nok ta litt tid dette. Kompressoren bruker i underkant av 14 minutt frå 0 til 220 bar på ein 15 liter. Noken so har ein flaskebank dei vil donere? 🙂

20130831-153804.jpg

Service av kompressor

30 august 2013 Ingen kommentarer

Då har vi fått Nortronic på plass for service av kompressoren samt trykktesting av flasker.

20130830-132812.jpg

Kompressoren midlertidig ute av drift

22 januar 2012 Ingen kommentarer

Kompressoren er midlertidig ute av drift, så den må ikkje brukast.

I løpet av kort tid skal vi få den på service å fikse feilen.

Meir info fylgjer.

Categories: Nyheiter Tags: ,

Problemer med kompressoren

15 januar 2012 Ingen kommentarer

Det har oppstått problemer med kompressoren. «Trykkvakta» for automatisk stopping ved 200 og 300 bar fungerer ikkje. Det går fortsatt an å fylle, men ein må sjølv stoppe kompressoren når ein har fått riktig trykk. Husk at viss ein ikkje har brukt kompressoren før må ein få opplæring først.
Vi er allereie på saka for å finne ut kva som er årsaka, og håpar det er ordna innan kort tid.
For evt. spørsmål ang kompressoren eller fylling kan ein ta kontakt med Magne Aralden.

Categories: Nyheiter Tags:

Då er kompressoren på plass!

Lørdag 9.Juli kom kompressoren på plass i den rød bua i Korssund. Merk dåke datoen. Det er ein ny æra for Korssund Dykkeklubb. Endelig kan dykkeaktiviteten i området ta seg opp og dei som intreserer seg for dykking har endelig eit tilbod å nytte seg av. For klubben sin del, er dette det viktigaste som har skjedd. Utan kompressoren ville Korssund Dykkeklubb døyd ut etter kort tid. Mindre enn 2 veker etter at kompressoren kom på plass kan ein merke at aktiviteten har tatt seg opp. Pressa har allerede gått over 5 timar  og klubben har fått over 10 nye medlemmar.

Foto tatt av: Dag Skjelvik

Foto tatt av: Dag Skjelvik

Klubben har inngått leigeavtale med Roald Skår om å få ha klubblokale på den rød bua. Det er fortsatt mykje dugnadsarbeid som gjenstår og håpar så mange som mogleg kan vere med når den tid nærmar seg.

Alle som er betalande medlem får kode til hengelåsen for å komme seg inn i lokalet, slik at ein kan fylle når ein sjølv vil. Ein må i tillegg ha fyllt ut registreringsskjema for medlemmar og fått opplæring i bruk av kompressoren. Koden vil endre seg kvart år. Informasjon om innmelding finn ein her.

Det er også mogleg å vere dagsmedlem. Ein vil då få like fordelar som årsmedlem den dagen. Det ligg giroblanketter i klubblokalet som ein då tar med og betaler. Dette medlemskapet koster kroner 100,-

Bruk av kompressoren og klubblokalet baserast på tillit og viss dette blir misligholdt vert det endringar som vil slå negativt ut for dei som er medlem.

Til slutt håpar klubben at så mange som mogleg no nyttar seg av dette tilbodet og ynskjer dåke gode og sikre dykk.