Arkiv

Poster tagget med ‘Havda’

Vellykka klubbdykk på Ferndale/Parat og Havda

Foto tatt av: Dag Skjelvik

Foto tatt av: Gunnar Hovland

Søndag 10.Juli vart det første skikkelige klubbdykket gjennomført. Rolf-Bjørn Aralden var leigd inn med båt og som skippar. Sjarken Aralden Jr. viste seg å vere ein dugande dykkebåt med plass til 10 dykkara. Det var netopp 10 stykk som møtte opp for å vere med. Nesten halvparten hadde ikkje dykka på dei tenkte plassane og var særs spente.

Første dykk gjekk til Krakhellesundet og på vraka Ferndale og Parat. Den korte historia er at dette er 2 vrak som gjekk ned under 2. verdenskrig. Ferndale gjekk på grunn på seglsteinen på vei nordover i ein konvoi. Parat kom til for å hjelpe med berginga. Mens berginga pågjekk kom allierte fly å angrep begge skipa som til slutt sank. No er dette vorte populære dykkemål og vraka ligg med ei djupne frå ca. 15 meter til ca. 60 meter. Ein får og eit flott naturdykk rundt seglsteinen med yrande liv og formasjonar. Dykket vart gjennomført utan problem sjølv om det var ein del straum i overflata. Sitat frå ein av klubbens nye medlem: «Dette er det beste dykket eg har hatt». Og det sjølv om sikten ikkje var til å skryte av.

Foto tatt av: Gunnar Hovland

Etterpå vart det påfyll av luft i klubblokalet, før turen gjekk vidare til vraket av Havda rett vest for Lutelandet. Dette var eit frakteskip som vart angrepe og sunke av allierte fly. 6 personer omkom og det er i ettertid funne levninger av desse. Minner om å vise respekt når ein dykker på slike vrak og ikkje tar med seg noko opp igjen frå vraka. Rundt Havda kunne ein sjå fleire piggskater som poserte for dei som hadde kamera.
Etter at dykka var gjennomført var alle godt fornøygd med dagen. Det er ikkje tvil om at dette var ein vellykka dag og at klubben må arrangere fleire slike turar. 3 av dei som var med å dykka kom heilt frå Bergen for å vere med på klubbdykka. 2 av desse meldte seg inn som medlem. Korssund Dykkeklubb takkar for ein flott tur og håpar at alle vil komme igjen ved neste klubbdykk, og at medlemmane nyttar seg av tilbodet klubben har.

Foto tatt av: Gunnar Hovland

Klubbdykk på Søndag

Det blir klubbdykk på Søndag. Avreise klokka 11.00 frå Johankaia (den store kaia ved den gule bua i Korssundet).

Vi har leigd ein båt med skippar så vi satser på 2 klubbdykk.

Det første dykket går til Krakehellesundet og Ferndale/Parat.

Etterpå blir det dykk på Havda.

For dei som har behov for luftfylling mellom dykka er det mulig å køyre innom klubblokalet og fylle luft.

Prisen for turen kjem på mellom 200-300 alt etter kor mange vi blir.
Husk å ta med kontanter.

Det er meldt nokelunde opplett og lite vind så her er det berre å pakke utstyret og møtte opp.

Første Klubbdykk

På Lørdag 12. juni skal klubben arrangere sitt første klubbdykk, og i den anledning høver det seg å ta eit dykk på Havda. Ove Myklebust stiller med båt og har plass til 8-10 dykkarar.

Oppmøte blir kl 10.00 på Johankaia. Det er ved den store gule bua før bakken ved Leif Skår. Her er det og muligheit for å skylle utstyr etterpå.

Ser på veirmeldingane at det er meldt regn, men viss det endrar seg kan vi prøve å få til grilling etterpå.

Eg (Richard) vil ha med meg eit ekstra sett med dykkarutstyr i tilfelle det er nokon som ikkje har fått hatt sitt på service i løpet av dei siste åra, men ynskjer å dykke. Eller om det er nokon som berre vil prøve det.

Husk at flasker skal trykktestast annakvart år, etter 3 år viss dei er nye, og at ventilsett bør på service kvart år.

Er det nokon som har spørsmål ang. utstyr eller dykkinga er det berre å ta kontakt.

Categories: Nyheiter Tags: ,

Liten Statusoppdatering

Status for klubben no er:

  • Vi nærmar oss 12 medlemmer som er eit minimum for å få registrert ein klubb i NIF (Norges idrettsforbund) og NDF (Norges dykkeforbund). Derfor hadde det vore veldig fint om kommande medlemmar sprer ordet og ber intreserte om å sjekke ut heimesida korssunddykk.no og at dei sender meg ein e-post.
  • Eg vil prøve å få til eit oppstartsmøte helga i veke 23, enten fredag 11. juni eller lørdag 12.juni.
    Tenkte då å høyre med Elin som driv butikken i Korssund om vi kan få låne kiosken hennar.
    I tillegg må det hengast opp nokre flygeblad rundt om slik at vi får litt meir publisitet. Det er eg avhening av at nokre i området heime kan gjere.
  • På lørdagen kan vi prøve å få til eit organisert dykk på f.eks Havda. Det ligg så pass grunt at ein kan dykke på det med PADI Open Water, CMAS* eller lignande. Då vil vi vere avhengig av å bruke private båter, så viss noken ynskjer å stille med båt til disposisjon hadde det vore flott. Spleiser då på utgifter til den som stiller med båt.
  • Kompressoren er desverre endå ikkje blitt fiksa, noke som er veldig frustrerande. Han som jobber med den er veldig travel, men lover at han skal fikse den. No er det berre håpe den blir klar før sommarferien.
Categories: Nyheiter Tags: , , , ,