Årsmøte 2017

INNKALLING TIL ÅRSMØTE TIL KORSSUND DYKKEKLUBB
Tid: Laurdag 25. Mars 2017, kl 12:00
Plass: Hjå Richard, Dale
Saksliste
ÅM 01-2017 Godkjenning av dei stemmeberettige
ÅM 02-2017 Godkjenning av innkalling, sakliste og forretningsorden
ÅM 03-2017 Val av dirigent(er), sekretær(er) samt 2 representantar til å underskrive protokollen
ÅM 04-2017 Behandling av årsmelding
ÅM 05-2017 Behandling av revidert rekneskap
ÅM 06-2017 Behandling av innkomne forslag og saker
ÅM 07-2017 Fastsetting av medlemskontigent
ÅM 08-2017 Godkjenning av budsjett
ÅM 09-2017 Behandling av organisasjonsplan
ÅM 10-2017 Val av styrerepresentantar
ÅM 11-2017 Val av revisor(ar)
ÅM 12-2017 Val av representantar til ting og møter i dei organisasjonar Korssund Dykkeklubb er tilslutta
ÅM 13-2017Val av valkomité
ÅM 14-2017 Heving av årsmøtet
For å ha stemmerett må man vere fylt 15 år, og hatt gyldig medlemskap i minst 1 månad og ha oppfylt medlemsforpliktelsane, jfr. Noregs Idrettsforbunds (NIFs) lov § 2-5. Ingen kan møte eller avgje stemme ved fullmakt, jfr. NIFs lov § 2-9.
Medlemmar har også anledning til å melde inn saker til årsmøtet.
Sakene må vere innmeldt til styret (styret@korssunddykk.no) innan 17. Mars 2016, og fullstendig saksliste publiserast innan 18. Mars 2016.
Rekneskap for 2016 og budsjett for 2017 vil bli sendt ut på forespørsel for dei som ynskjer det.
Endeleg saksliste vil saman med årsmelding for 2017 også verte sendt ut på e-postlista (felles@korssunddykk.no) seinast 1 dag før årsmøtet (24. Mars 2017.)
Categories: Nyheiter Tags:

Trykktesting av flasker

19 januar 2016 Ingen kommentarer

Ein dag i neste veke (veke 4) kjem Nortronik for å ha service på kompressoren.

I den forbindelse er det mogleg å få trykktesta flasker og kontroll av flaskekran.
Dette koster 590 + mva.

Gje ein tilbakemelding til Richard om du ynskjer å få trykktesta flasker og evt. kor mange.

Categories: Nyheiter Tags:

Dugnad Torsdag 21. Januar

18 januar 2016 Ingen kommentarer

Det blir dugnad på klubblokalet torsdag 21. Januar frå kl 18:00.Det skal listast og bygge kasse rundt kompressoren. Treng å vere 3-4 stk. tilsaman.

Rolf Magne stiller som dugnadsledar. Man treng derfor 2-3 stk. til.

Arbeidet med dette tar ca. 2 timer.

Gje beskjed til Richard på ei melding om du kan. 

Categories: Nyheiter Tags:

Dugnad torsdag 14. Januar

13 januar 2016 Ingen kommentarer

Det blir dugnad på klubblokalet torsdag 14. Januar frå kl 18:00.

Det skal leggast på tak innvendig og derfor treng ein å vere 3-4 stk. tilsaman.

Rolf Magne stiller som dugnadsledar. Man treng derfor 2-3 stk. til.

Arbeidet med dette tar ca. 2 timer.

Gje beskjed ikveld til Richard på ei melding.

Categories: Nyheiter Tags:

Dugnad torsdag 7. Januar

5 januar 2016 Ingen kommentarer

Det blir dugnad torsdag 7. Januar frå kl. 18:00 på klubblokalet. 

Vi skal montere veggelement. 

Hadde vore flott om 3-4 personer har moglegheit til å vere med. 

Send ei melding til Richard om du kan. 

Categories: Nyheiter Tags: