Arkiv

Arkiv for januar 2016

Trykktesting av flasker

19 januar 2016 Ingen kommentarer

Ein dag i neste veke (veke 4) kjem Nortronik for å ha service på kompressoren.

I den forbindelse er det mogleg å få trykktesta flasker og kontroll av flaskekran.
Dette koster 590 + mva.

Gje ein tilbakemelding til Richard om du ynskjer å få trykktesta flasker og evt. kor mange.

Categories: Nyheiter Tags:

Dugnad Torsdag 21. Januar

18 januar 2016 Ingen kommentarer

Det blir dugnad på klubblokalet torsdag 21. Januar frå kl 18:00.Det skal listast og bygge kasse rundt kompressoren. Treng å vere 3-4 stk. tilsaman.

Rolf Magne stiller som dugnadsledar. Man treng derfor 2-3 stk. til.

Arbeidet med dette tar ca. 2 timer.

Gje beskjed til Richard på ei melding om du kan. 

Categories: Nyheiter Tags:

Dugnad torsdag 14. Januar

13 januar 2016 Ingen kommentarer

Det blir dugnad på klubblokalet torsdag 14. Januar frå kl 18:00.

Det skal leggast på tak innvendig og derfor treng ein å vere 3-4 stk. tilsaman.

Rolf Magne stiller som dugnadsledar. Man treng derfor 2-3 stk. til.

Arbeidet med dette tar ca. 2 timer.

Gje beskjed ikveld til Richard på ei melding.

Categories: Nyheiter Tags:

Dugnad torsdag 7. Januar

5 januar 2016 Ingen kommentarer

Det blir dugnad torsdag 7. Januar frå kl. 18:00 på klubblokalet. 

Vi skal montere veggelement. 

Hadde vore flott om 3-4 personer har moglegheit til å vere med. 

Send ei melding til Richard om du kan. 

Categories: Nyheiter Tags:

Årsmøte 2016

INNKALLING TIL ÅRSMØTE TIL KORSSUND DYKKEKLUBB
Tid: Onsdag 10. Februar 2016, kl 19:00
Plass: Raude bua, Korssund
Saksliste
ÅM 01-2016 Godkjenning av dei stemmeberettige
ÅM 02-2016 Godkjenning av innkalling, sakliste og forretningsorden
ÅM 03-2016 Val av dirigent(er), sekretær(er) samt 2 representantar til å underskrive protokollen
ÅM 04-2016 Behandling av årsmelding
ÅM 05-2016 Behandling av revidert rekneskap
ÅM 06-2016 Behandling av innkomne forslag og saker
ÅM 07-2016 Fastsetting av medlemskontigent
ÅM 08-2016 Godkjenning av budsjett
ÅM 09-2016 Behandling av organisasjonsplan
ÅM 10-2016 Val av styrerepresentantar
ÅM 11-2016 Val av revisor(ar)
ÅM 12-2016 Val av representantar til ting og møter i dei organisasjonar Korssund Dykkeklubb er tilslutta
ÅM 13-2016 Val av valkomité
ÅM 14-2016 Heving av årsmøtet
For å ha stemmerett må man vere fylt 15 år, og hatt gyldig medlemskap i minst 1 månad og ha oppfylt medlemsforpliktelsane, jfr. Noregs Idrettsforbunds (NIFs) lov § 2-5. Ingen kan møte eller avgje stemme ved fullmakt, jfr. NIFs lov § 2-9.
Medlemmar har også anledning til å melde inn saker til årsmøtet.
Sakene må vere innmeldt til styret (styret@korssunddykk.no) innan 3. Februar 2016, og fullstendig saksliste publiserast innan 8. Februar 2016.
Rekneskap for 2015 og budsjett for 2016 vil bli sendt ut på forespørsel for dei som ynskjer det.
Endeleg saksliste vil saman med årsmelding for 2016 også verte sendt ut på e-postlista (felles@korssunddykk.no) seinast 1 dag før årsmøtet (9. Februar 2016.)
Categories: Nyheiter Tags: