Arkiv

Arkiv for august 2015

Tirsdagsdykking

13 august 2015 Ingen kommentarer

Title: Tirsdagsdykking
Location: Korssund
Link out: Click here
Description: Satser på å kunne bruke båt.
Avreise ca. 19:00.
Kan vere lurt å ta med lykt.
Start Time: 19:00
Date: 2015-08-18
End Time: 23:00

Categories: Nyheiter Tags:

Årsmøte Korssund Dykkeklubb 12. August

11 august 2015 Ingen kommentarer

Her kjem ei litt forsinka innkalling til Årsmøte.

Håper uansett det går bra.

 

INNKALLING TIL ÅRSMØTE TIL KORSSUND DYKKEKLUBB
Tid: Onsdag 12. August 2015, kl 19:00
Plass: Raude bua, Korssund

Saksliste
ÅM 01-2015 Godkjenning av dei stemmeberettige
ÅM 02-2015 Godkjenning av innkalling, sakliste og forretningsorden
ÅM 03-2015 Val av dirigent(er), sekretær(er) samt 2 representantar til å underskrive protokollen
ÅM 04-2015 Behandling av årsmelding
ÅM 05-2015 Behandling av revidert rekneskap
ÅM 06-2015 Behandling av innkomne forslag og saker
ÅM 07-2015 Fastsetting av medlemskontigent
ÅM 08-2015 Godkjenning av budsjett
ÅM 09-2015 Behandling av organisasjonsplan
ÅM 10-2015 Val av styrerepresentantar
ÅM 11-2015 Val av revisor(ar)
ÅM 12-2015 Val av representantar til ting og møter i dei organisasjonar Korssund Dykkeklubb er tilslutta
ÅM 13-2015 Val av valkomité
ÅM 14-2015 Heving av årsmøtet

For å ha stemmerett må man vere fylt 15 år, og hatt gyldig medlemskap i minst 1 månad og ha oppfylt medlemsforpliktelsane, jfr. Noregs Idrettsforbunds (NIFs) lov § 2-5. Ingen kan møte eller avgje stemme ved fullmakt, jfr. NIFs lov § 2-9.

Medlemmar har også anledning til å melde inn saker til årsmøtet.

Sakene må vere innmeldt til styret (styret@korssunddykk.no) innan 9. August 2015, og fullstendig saksliste publiserast innan 10. August 2015.

Rekneskap for 2014 og budsjett for 2015 vil bli sendt ut på forespørsel for dei som ynskjer det.

Endeleg saksliste vil saman med årsmelding for 2015 også verte sendt ut på e-postlista (felles@korssunddykk.no) seinast 1 dag før årsmøtet (10. August 2015.)

Categories: Nyheiter Tags: