Arkiv

Arkiv for januar 2013

Innkalling til årsmøte i Korssund Dykkeklubb laurdag 9. februar 2013

30 januar 2013 Ingen kommentarer

INNKALLING TIL ÅRSMØTE TIL KORSSUND DYKKEKLUBB
Tid: Laurdag 09. februar 2013, kl 10:00
Plass: Transplant Dale

Foreløpig saksliste

ÅM 01-2013 Godkjenning av dei stemmeberettige
ÅM 02-2013 Godkjenning av innkalling, sakliste og forretningsorden
ÅM 03-2013 Val av dirigent(er), sekretær(er) samt 2 representantar til å underskrive protokollen
ÅM 04-2013 Behandling av årsmelding
ÅM 05-2013 Behandling av revidert rekneskap
ÅM 06-2013 Behandling av innkomne forslag og saker
ÅM 07-2013 Fastsetting av medlemskontigent
ÅM 08-2013 Godkjenning av budsjett
ÅM 09-2013 Behandling av organisasjonsplan
ÅM 10-2013 Val av styrerepresentantar
ÅM 11-2013 Val av revisor(ar)
ÅM 12-2013 Val av representantar til ting og møter i dei organisasjonar Korssund Dykkeklubb er tilslutta
ÅM 13-2013 Val av valkomité
ÅM 14-2013 Heving av årsmøtet

For å ha stemmerett må man vere fylt 15 år, og hatt gyldig medlemskap i minst 1 månad og ha oppfylt medlemsforpliktelsane, jfr. Noregs Idrettsforbunds (NIFs) lov § 2-5. Ingen kan møte eller avgje stemme ved fullmakt, jfr. NIFs lov § 2-9.

Medlemmar har også anledning til å melde inn saker til årsmøtet.

Sakene må vere innmeldt til styret (styret@korssunddykk.no) innan 04. februar 2013, og fullstendig saksliste publiserast innan 06. februar 2013.

Rekneskap for 2012 og budsjett for 2013 vil bli sendt ut på forespørsel for dei som ynskjer det.

Endeleg saksliste vil saman med årsmelding for 2012 verte sendt ut på e-postlista (felles@korssunddykk.no) seinast 3 dager før årsmøtet (06. februar 2012.)

Det blir mest truleg arrangert klubbdykk etter årsmøte. Meld din interesse om det er ynskeleg.

Categories: Nyheiter Tags: