Arkiv

Arkiv for april 2012

Klubbdykk sundag

Det blir arrangert klubbdykk på Sundag. Dykkeledar er Richard.
Har ennå ikkje bestemt kor vi skal dykke, men satser på å låne askeladden til Roald, slik at vi får eit båtdykk i nærleiken av Korssundet.
Det blir derfor oppmøte ved klubblokalet kl.11.oo. Dei som må fylle luft kan godt komme litt før.
Det er meldt strålande veir: http://www.yr.no/sted/Norge/Sogn_og_Fjordane/Fjaler/Korssundet/

Påmelding til Richard innan kl. 18.00 på laurdag.

kdk-20

Årets første dugnad er gjennomført

Årets første dugnad er no gjennomført. Det var Richard og Daniel som tilbrakte nokre timar i klubblokalet forrige laurdag. Vi fekk kasta ein masse skrot, samt kosta og støvsuga. No begynner lokalet å ta noko meir form, og håpar at vi snart kan utbedre det endå meir, med blant anna eige rom til kompressoren og klubbutstyret.
Bilder frå dugnaden.

img_0601

Vi har i tillegg «arva» ein del utstyr frå UNWC som dei ikkje brukar lenger. Vi fekk nokre flasker, neoprendrakter, BCD’ar, ein oksygenkoffert + noko anna snacks.
Mesteparten av dette utstyret må på service, og draktene må vi skifte mansjetter på før vi tar dei i bruk.

img_0610

Categories: Dugnad Tags: ,

Dugnad på laurdag kl. 12.00

Vi må ha ein liten dugnad på laurdag der vi rydder klubblokalet for å gjere klar til utbedringer av lokalet? Håpar så mange som mogleg har tid til å vere med eit par timar frå kl 12.00.

For dei som ynskjer kan vi ta eit klubbdykk etterpå. Gje isåfall beskjed til Richard.

Klubbdykk sundag 15. april

Det blir arrangert klubbdykk på sundag ved nye moloen i Dale. Oppmøte kl. 11.00. Dykkeledar er Richard. Påmelding til meg på mail (skaar.richard@gmail.com) innan 18.00 på laurdag

Categories: Klubbdykk Tags: ,