Arkiv

Arkiv for mars 2012

Klubbdykk 1. april

27 mars 2012 1 kommentar

Det blir arrangert klubbdykk 1. april på Lammetun. Oppmøte ved hytta til Ove klokka 11.00. Klubbdykket passer alle sertifiserings nivå.

Viss det ikkje er for mykje vind satser vi på å dykke ved Morpølsa. Så langt er det meldt laber bris frå nordvest. Satser på å få lånt ein liten båt slik at vi kjem oss ut. Har ikkje dykka der sjølv endå, men vil tru at det er ein del tareskog og ein del maritimt liv.

For dei som ikkje har dykka på ei stund er det veldig fint å dykke inne i vågen ved kaia vi starter frå. Der er det mellom 4-10 meter og langgrunt. Har dykka der fleire ganger sjølv og oppservert både blekksprut (nattestid), piggskate, torsk etc.

Det tar ca. 40 minutt å reise frå Dale for dei som kjem derifrå. For dei som er usikker på veien så køyre eg og frå Dale ca. 10. Gje meg beskjed om ein ynskjer «guide» utover.

Frå Askvoll går det ei ferje 11:25. Då er ein på Lammetun ca. 12.00. Ferja tilbake til Askvoll går 15.10. Dette kan vere litt knapt, men viss ein har rigga utstyret på forehånd kan det gå å få med seg eit dykk for dei som kjem frå andre sida av fjorden. Ferja etterpå går 19.40.

Det vert påmelding til meg (Richard) innan klokka 15.00 på laurdag. Send epost til skaar.richard@gmail.com om du ynskjer å vere med.

Categories: Klubbdykk Tags: ,

Klubbdykk tysdag kl. 17.00

Det blir klubbdykk i morgon (tysdag). Dykkinga vil foregå ved nye moloen i Dale. Oppmøte kl 17.00. Eg (Richard) er dykkeledar. Eg har ikkje dykka der før så det blir spennande å utforske ein ny plass og sjå om det kan vere noko liv der.

Ettersom dykkinga skjer så seint på dagen og det fortsatt blir mørkt relativt tidleg så må alle som skal dykke ha med seg lykt. Eg kan ta med eit par i reserve.

Categories: Klubbdykk Tags:

Klubbdykket utsett til tirsdag

Grunna mangel på dykkeledar i morgon er klubbdykket utsett til tirsdag. Meir informasjon kjem seinare

Categories: Nyheiter Tags:

Klubbdykket i Svesundet 4. mars 2012

Idag vart det gjennomført klubbdykk i Svesundet i Bygstad. Avreise frå essoen i Dale 10.30, og dei som var med var: Vegard Arstein, Egil Høyvik, Ove Myklebust og Richard Skår. Dette var første klubbdykk av det som skal bli faste organiserte dykk framover annakvar sundag. Viss det er bra oppmøte kan det vere at vi utvidar organiserte klubbdykk til kvar veke. Det må vi sjå på av interesse og at det er bra oppmøte på dei dykka som blir arrangert. Det er også mulig å arrangere dykk utenom dei tidene som vi har satt opp. Følg med på heimesida, facebook og epostlista.

Når vi kom på dykkeplassen, forhøyrte vi oss med eigaren av ei flytebrygge om vi kunne nytte den til å hoppe uti frå. Det var selfølgelig ingen problem etter ei «lang forhandling» 🙂

Fjorden var noke islagt så det var ein kald fornøyelse i starten av dykket og øverste temperatursjiktet, men når vi kom oss ned nokre meter var det fin temperatur med heile 8 grader frå ca 10-20 meter og 5-6 grader i overflata.

Bortsett frå at det var lite straum var det ein fin plass å dykke. Mykje med nesledyr: blautkoraller, sjøroser, sjønellik, anemoner etc. som gjer mange flotte fargar på eit dykk. Såg og noko torsk, der den eine kunne metta eit større middagslag, og større stimar med pale. Idag hadde vi ikkje med oss fangstredskap under dykket, så det vart ikkje fanga middag denne gongen.

Igjennom sundet går det ein vegg på kvar side. Vi fylgte den nordlegaste. På ca. 15 meter  er det ei «hylle» ein kan fylgje, ellers er den djupasta delen i sundet på ca. 40 meter. Det er gode moglegheiter for ihop og komme seg på land uansett om ein vel å symje gjennom sundet austover eller vestover. Vi valgte å symje vestover og komme opp ved kaia med butikken. Trur alle er godt fornøygde med dykket og for fleire var dette årets første dykk og garantert ikkje det siste 🙂

Bortsett frå at det var lite straum under overflata, var det eit dykkepar som fekk litt straumdykk i overflata etter endt dykk.

Sjå bilder frå dagens klubbdykk her.

 

 

Klubbdykk søndag

Det blir arrangert klubbdykk på søndag 4. mars.

Eg (Richard) er dykkeledar og satser på å arrangere klubbdykk i Svesundet i Bygstad viss det lar seg gjere. Eg har sjølv ikkje dykka der sjølv, men har forhøyrt meg litt om sundet og det skal ikkje vere noke spesielt djupt eller veldig sterk straum.

For at det skal verte arrangert dykk må man sende ein mail til meg (skaar.richard@gmail.com) seinast laurdag kl 18.00. Dette for at eg ser om det er nok folk til å arrangere dykk.

Viss det er nokon som har båt tilgjengelig og som ynskjer at den kan disponerast hadde det vore flott. Gje meg ein lyd isåtilfelle.

Satser på avreise frå Dale kl 10.00. For dei som kjem frå Førde eller ynskjer å møte oss i Bygstad så satser vi på å vere der ca. 10.30.

Categories: Nyheiter Tags: ,