Arkiv

Arkiv for februar 2012

Oppsummering Årsmøte 2012

24 februar 2012 Ingen kommentarer

Då er årsmøte for 2012 fullført, og her følgjer ein liten oppsummering:

Kontigenten for 2012 vil vere uforandra frå 2011.
Årsmedlemskap: 500 kr.
Dagsmedlemskap: 100 kr.
Vil minne alle om at medlemskapa er persnonlege og gjeld for kun ein person.

Styret og ulike verv for 2012:
I styret for 2012 sit følgjande personer:
Leiar: Richard Skår
Nestleiar: Magne Aralden
Kasserar: Ove Myklebust
Styremedlem: Rolf-Magne Aas
Styremedlem: Daniel Wulfsberg
Det er dette styret valkomiteen la fram som forslag og stemte for på årsmøte.
Nytt frå 2011 er at Rune Berge er gått ut av styret, mens Daniel Wulfsberg er komt inn.
Vil takke Rune for innsatsen og ynskje Daniel velkommen.

Valkomiteen for 2012 vil bestå av:
Leiar: Malin Eimind
Medlem: Jan-Erik Skår
Varamedlem: Rune Berge

Revisorar for 2012 vil vere:
Leif Einen og Elias Haugsbø

Det er oppretta eit nytt verv som er Kompressoransvarleg. Dette er Magne Aralden. Skulle det vere noko med kompressoren eller spørsmål rundt denne, er det berre å ta kontakt med Magne.

Årsmøte gjekk inn for at Korssund Dykkeklubb melder seg inn i NDF og NIF. Søknad for medlemskap vil skje i løpet av kort tid.

Klubbdykk laurdag 18.februar

16 februar 2012 Ingen kommentarer

Det vert arrangert klubbdykk etter årsmøtet på laurdag 18.februar. Tidspunkt er ca 14.00.
Dette er årets første klubbdykk, så håper så mange som har moglegheit kjem. Husk at ein kan vere med på årsmøtet først.

Oppmøte ved klubhuset ved den raude bua.

Vi tar sikte på straumdykk ved skifjordmunningen. Dette er ein forholdsvis rolig straum, og ikkje så djupt. Dykket passar for alle nivå.

Vi lånar ein 14 fot askeladd, så ta med småpengar til bensin.

Dykkeledar er Richard.

Categories: Nyheiter Tags: