Arkiv

Arkiv for januar 2012

Kompressoren midlertidig ute av drift

22 januar 2012 Ingen kommentarer

Kompressoren er midlertidig ute av drift, så den må ikkje brukast.

I løpet av kort tid skal vi få den på service å fikse feilen.

Meir info fylgjer.

Categories: Nyheiter Tags: ,

Problemer med kompressoren

15 januar 2012 Ingen kommentarer

Det har oppstått problemer med kompressoren. «Trykkvakta» for automatisk stopping ved 200 og 300 bar fungerer ikkje. Det går fortsatt an å fylle, men ein må sjølv stoppe kompressoren når ein har fått riktig trykk. Husk at viss ein ikkje har brukt kompressoren før må ein få opplæring først.
Vi er allereie på saka for å finne ut kva som er årsaka, og håpar det er ordna innan kort tid.
For evt. spørsmål ang kompressoren eller fylling kan ein ta kontakt med Magne Aralden.

Categories: Nyheiter Tags:

Innkalling til årsmøte i Korssund Dykkeklubb laurdag 18. februar 2012

12 januar 2012 Ingen kommentarer

INNKALLING TIL ÅRSMØTE TIL KORSSUND DYKKEKLUBB
Tid: Laurdag 18. februar 2012, kl 11:00
Plass: Klubblokalet i Korssundet

Foreløpig saksliste

ÅM 01-2012 Godkjenning av dei stemmeberettige
ÅM 02-2012 Godkjenning av innkalling, sakliste og forretningsorden
ÅM 03-2012 Val av dirigent(er), sekretær(er) samt 2 representantar til å underskrive protokollen
ÅM 04-2012 Behandling av årsmelding
ÅM 05-2012 Behandling av revidert rekneskap
ÅM 06-2012 Behandling av innkomne forslag og saker
ÅM 07-2012 Fastsetting av medlemskontigent
ÅM 08-2012 Godkjenning av budsjett
ÅM 09-2012 Behandling av organisasjonsplan
ÅM 10-2012 Val av styrerepresentantar
ÅM 11-2012 Val av revisor(ar)
ÅM 12-2012 Val av representantar til ting og møter i dei organisasjonar Korssund Dykkeklubb er tilslutta
ÅM 13-2012 Val av valkomité
ÅM 14-2012 Heving av årsmøtet

For å ha stemmerett må man vere fylt 15 år, og hatt gyldig medlemskap i minst 1 månad og ha oppfylt medlemsforpliktelsane, jfr. Noregs Idrettsforbunds (NIFs) lov § 2-5. Ingen kan møte eller avgje stemme ved fullmakt, jfr. NIFs lov § 2-9.

Medlemmar har også anledning til å melde inn saker til årsmøtet.

Sakene må vere innmeldt til styret (styret@korssunddykk.no) innan 04. februar 2012, og fullstendig saksliste publiserast innan 11. februar 2012.

Rekneskap for 2011 og budsjett for 2012 vil bli sendt ut på e-postlista (felles@korssunddykk.no) seinast ei veke før årsmøte (11. februar 2012.)

Endeleg saksliste vil saman med årsmelding for 2011 også verte sendt ut på e-postlista (felles@korssunddykk.no) seinast ei veke før årsmøtet (11. februar 2012.)

Det blir arrangert klubbdykk etter årsmøte. Meir info kjem seinare.

Motteke stønad frå Gjensidige Stiftelsen

Rett før jul fekk eg (Richard) e-post om at klubben har fått innvilga søknaden om gåvetildeling til kjøp av sikkerheitsutstyr frå Gjensidige Stiftelsen.
Summen er på 6150,- og skal gå til kjøp av oksygenkoffert.

Ein kan lese meir om tildeling ved å følgje denne lenkja.
http://www.gjensidigestiftelsen.no/no/gavevirksomhet/regionale/2011/19700.cms