Arkiv

Arkiv for juli 2011

Vellykka klubbdykk på Ferndale/Parat og Havda

Foto tatt av: Dag Skjelvik

Foto tatt av: Gunnar Hovland

Søndag 10.Juli vart det første skikkelige klubbdykket gjennomført. Rolf-Bjørn Aralden var leigd inn med båt og som skippar. Sjarken Aralden Jr. viste seg å vere ein dugande dykkebåt med plass til 10 dykkara. Det var netopp 10 stykk som møtte opp for å vere med. Nesten halvparten hadde ikkje dykka på dei tenkte plassane og var særs spente.

Første dykk gjekk til Krakhellesundet og på vraka Ferndale og Parat. Den korte historia er at dette er 2 vrak som gjekk ned under 2. verdenskrig. Ferndale gjekk på grunn på seglsteinen på vei nordover i ein konvoi. Parat kom til for å hjelpe med berginga. Mens berginga pågjekk kom allierte fly å angrep begge skipa som til slutt sank. No er dette vorte populære dykkemål og vraka ligg med ei djupne frå ca. 15 meter til ca. 60 meter. Ein får og eit flott naturdykk rundt seglsteinen med yrande liv og formasjonar. Dykket vart gjennomført utan problem sjølv om det var ein del straum i overflata. Sitat frå ein av klubbens nye medlem: «Dette er det beste dykket eg har hatt». Og det sjølv om sikten ikkje var til å skryte av.

Foto tatt av: Gunnar Hovland

Etterpå vart det påfyll av luft i klubblokalet, før turen gjekk vidare til vraket av Havda rett vest for Lutelandet. Dette var eit frakteskip som vart angrepe og sunke av allierte fly. 6 personer omkom og det er i ettertid funne levninger av desse. Minner om å vise respekt når ein dykker på slike vrak og ikkje tar med seg noko opp igjen frå vraka. Rundt Havda kunne ein sjå fleire piggskater som poserte for dei som hadde kamera.
Etter at dykka var gjennomført var alle godt fornøygd med dagen. Det er ikkje tvil om at dette var ein vellykka dag og at klubben må arrangere fleire slike turar. 3 av dei som var med å dykka kom heilt frå Bergen for å vere med på klubbdykka. 2 av desse meldte seg inn som medlem. Korssund Dykkeklubb takkar for ein flott tur og håpar at alle vil komme igjen ved neste klubbdykk, og at medlemmane nyttar seg av tilbodet klubben har.

Foto tatt av: Gunnar Hovland

Då er kompressoren på plass!

Lørdag 9.Juli kom kompressoren på plass i den rød bua i Korssund. Merk dåke datoen. Det er ein ny æra for Korssund Dykkeklubb. Endelig kan dykkeaktiviteten i området ta seg opp og dei som intreserer seg for dykking har endelig eit tilbod å nytte seg av. For klubben sin del, er dette det viktigaste som har skjedd. Utan kompressoren ville Korssund Dykkeklubb døyd ut etter kort tid. Mindre enn 2 veker etter at kompressoren kom på plass kan ein merke at aktiviteten har tatt seg opp. Pressa har allerede gått over 5 timar  og klubben har fått over 10 nye medlemmar.

Foto tatt av: Dag Skjelvik

Foto tatt av: Dag Skjelvik

Klubben har inngått leigeavtale med Roald Skår om å få ha klubblokale på den rød bua. Det er fortsatt mykje dugnadsarbeid som gjenstår og håpar så mange som mogleg kan vere med når den tid nærmar seg.

Alle som er betalande medlem får kode til hengelåsen for å komme seg inn i lokalet, slik at ein kan fylle når ein sjølv vil. Ein må i tillegg ha fyllt ut registreringsskjema for medlemmar og fått opplæring i bruk av kompressoren. Koden vil endre seg kvart år. Informasjon om innmelding finn ein her.

Det er også mogleg å vere dagsmedlem. Ein vil då få like fordelar som årsmedlem den dagen. Det ligg giroblanketter i klubblokalet som ein då tar med og betaler. Dette medlemskapet koster kroner 100,-

Bruk av kompressoren og klubblokalet baserast på tillit og viss dette blir misligholdt vert det endringar som vil slå negativt ut for dei som er medlem.

Til slutt håpar klubben at så mange som mogleg no nyttar seg av dette tilbodet og ynskjer dåke gode og sikre dykk.

Klubbdykk på Søndag

Det blir klubbdykk på Søndag. Avreise klokka 11.00 frå Johankaia (den store kaia ved den gule bua i Korssundet).

Vi har leigd ein båt med skippar så vi satser på 2 klubbdykk.

Det første dykket går til Krakehellesundet og Ferndale/Parat.

Etterpå blir det dykk på Havda.

For dei som har behov for luftfylling mellom dykka er det mulig å køyre innom klubblokalet og fylle luft.

Prisen for turen kjem på mellom 200-300 alt etter kor mange vi blir.
Husk å ta med kontanter.

Det er meldt nokelunde opplett og lite vind så her er det berre å pakke utstyret og møtte opp.

Klubbdykk til helga

Det blir klubbdykk til helga. Mest sannsynlig på søndag då me skal få på plass kompressoren på lørdag.
Så sett av ein av dagane i helga for dykking. Ein er og hjartleg velkommen til å vere med å få på plass kompressoren.

Det er foreløpig ikkje bestemt kor me dykker, men det blir ein plass for alle nivå.

Categories: Nyheiter Tags: ,

Kompressoren kjem på plass til helga!!!

4 juli 2011 1 kommentar

Klubben har no skrive ein leigeavtale på kompressoren med ein utkjøpsklausul slik at vi kan få kompressoren på plass til helga, enten lørdag eller søndag. Klubben kjem til å få eit nytt lokale ved den rød bua til Roald Skår. Det vil då vere lett tilgjengeleg med både bil og båt. Skal prøve å få lagt til rette for skylling av utstyr der og.

Det skal vere moglegheit for medlemmar å fylle luft når ein sjølv vil. Ein skal på forehånd ha fått opplæring på fylling. Luftfylling er inkludert i medlemsprisen. For dei som er på besøk koster eit dagsmedlemsskap 100,-. Då har ein like rettar som eit fullt medlemskap den dagen.
No gjenstår det for alle medlemane å spre ordet å få rekrutert fleire til klubben vår, og ikkje minst begynne å dykke for fullt.

Klubben manglar fortsatt ca. 25000,- før ein har nok til å kunne kjøpe ut kompressoren. Har dåke tips om kor det kan vere moglegheit for å søke etter midlar, så set styret pris på om ein tar kontakt.

Kompressor

Categories: Nyheiter Tags: