Arkiv

Arkiv for juni 2010

Publisitet rundt klubben

Klubben har no begynt å få litt publisitet i media.
Bladet Dykking har skrive ein artikkel som eg anbefaler å lese.

Categories: Nyheiter Tags: ,

Oppstartsmøte og første klubbdykk

Fredag 11. juni 2010 er ein historisk dag for Korssund Dykkeklubb. Klubben hadde oppstartsmøte i Korssundet, og fekk på plass eit styre, samt forslag til kandidatar for valkomiteen og revisorar. Styret finn du her. Søknad til NIF blir sendt inn i nærmaste framtid, for det er nokre ting som må på plass før søknaden kan sendast.
Medlemsavgifta for 2010 vart bestemt. Den blir 300,- for medlem og 100,- for støttemedlem. Informasjon om innmelding finn du her.
Når kompressoren kjem på plass vil alle som er medlem få tilgang på gratis luft, og opplæring på kompressoren slik at ein ikkje vil vere avhengig av andre når ein skal fylle. Støttemedlemar vil måtte betale for kvar fylling.

Etter oppstartsmøte vart det holdt eit styremøte. Forslag til sikkerheitsreglar vart lagt fram og godkjent. Desse skal finskrivast for deretter å bli brukt på alle organiserte klubbdykk. Sikkerheitsreglane blir publisert på heimesida når dei er ferdige. Alle medlemmar må sette seg inn i sikkerheitsreglane før dei kan vere med på klubbdykk.

På lørdagen vart klubbens første klubbdykk arrangert. Ove stilte sportsleg opp med båten sin, ein 28 Kloster Patrol. Roald Skår stilte opp som styrmann og ovarflateberedskap, og på forhånd hadde klubben fånt lånt ein O2 koffert av SUB-BSI, slik at sikkerheiten skulle vere på plass om noko skulle skje.
Me hadde planlagt å dykke på Havda, men pga av kuling frå nord lot ikkje det seg gjennomførast. Vi bestemte oss då for å prøve Ferndale eller Solvang II som ligg Krakhellesundet. Mykje vind og drag i sjøen gjorde forholda det vanskelig for å få gjennomført eit dykk på dei vraka. Vi bestemte oss då for å prøve Bandak som ligg på sørsida av Nesøyna. Til og med der var det vanskelige forhold for dykking, sjølv om ein skulle tru at ein var skjerma for nordavind. Vi reiste då inn til Hardbakke for bunkre og tok turen til Frankenwald (kåra til Noregs flottaste vrak) for å prøve der. Nok ein gong måtte vi gje tapt på å få oss eit vrakdykk. Sikkerheitsleiar, Richard Skår, meinte at det ikkje ville vere forsvarleg å dykke når det var så mykje vind og drag i sjøen. Både båt og dykkara ville drive langt avgårde om noko skulle gå gale. Sikkertheit først.
På vei tilbake til Korssund såg vi ei fin vik som var skjerma for vind som vi valgte å ankre opp i. Ove, Magne og Richard fekk seg eit flott dykk med nokre kamskjell i nettet i tillegg til ei flyndre, som på ein eller anna måte klarte å unnsleppe på båtturen tilbake. Sikta var dårlig ned til 15m, men derfrå og ned var sikta god. Som vanlig når ein dykkar i desse traktane, såg vi ei piggskate.

Takk til Ove, Roald og SUB-BSI for god hjelp til gjennomføring av klubbens første klubbdykk.

Første Klubbdykk

På Lørdag 12. juni skal klubben arrangere sitt første klubbdykk, og i den anledning høver det seg å ta eit dykk på Havda. Ove Myklebust stiller med båt og har plass til 8-10 dykkarar.

Oppmøte blir kl 10.00 på Johankaia. Det er ved den store gule bua før bakken ved Leif Skår. Her er det og muligheit for å skylle utstyr etterpå.

Ser på veirmeldingane at det er meldt regn, men viss det endrar seg kan vi prøve å få til grilling etterpå.

Eg (Richard) vil ha med meg eit ekstra sett med dykkarutstyr i tilfelle det er nokon som ikkje har fått hatt sitt på service i løpet av dei siste åra, men ynskjer å dykke. Eller om det er nokon som berre vil prøve det.

Husk at flasker skal trykktestast annakvart år, etter 3 år viss dei er nye, og at ventilsett bør på service kvart år.

Er det nokon som har spørsmål ang. utstyr eller dykkinga er det berre å ta kontakt.

Categories: Nyheiter Tags: ,

Oppstartsmøte Korssund Dykkeklubb

Hei alle kommande medlemmar til Korssund Dykkeklubb.

Fredag 11.Juni kl. 20.00 vil det bli oppstartsmøte for Korssund Dykkeklubb i Kiosken til Elin i Korssundet.
Ho skulle ha kiosken open for alle slik at det vil vere muligheit for å få seg litt forfriskninger og.

Her er ein liten møteagenda:

  1. Opning og orientering om bakgrunn for møte
  2. Vedtak om å stifte idrettsklubb
  3. Vedtak om kva for idrettsgreiner klubben skal ta opp
  4. Vedtak om klubbens namn. Namnet må vere i henhold til NIFs retningslinjer for idrettslagsnamn.
  5. Vedta lov for klubben. – Basislovnorm for idrettslag benyttast
  6. Val av styre, valkomité og to revisorar

Dette kan lesast meir om under fana «Bli medlemsklubb«.

Etter oppstartsmøtet og valg av styre, vil det bli eit kort styremøte.

Agenda der blir:

  1. Fastsette medlemsavgift
  2. Fastsette sikkerheitsreglar (Desse må på plass før første klubbdykk).
  3. Det som måtte komme
Categories: Nyheiter Tags: ,